søndag 28. mars 2010

Vintips til påska

Påskestemmninga senkar seg no over landet og kanskje er du er ein av desse 8 prosent nordmenn som faktisk reisar ein plass i påska, mest sannsynleg drar du då til fjells. Personleg meinar eg då ei god gammaldags hytte utan vatn og straum er å foretrekke, men for å vere heilt ærleg så er det nok minst eit ti år sidan sist eg var på familiehytta "Larsebu" på Hardangervidda. 

Men sett at du drar på fjellet, då tar du sjølvsagt med vin til å fordøye påskekrimmen med. Du treng jo gjerne eit glass innabords når du må gå med stearinlys og tusle ut på utedoen. Det er utrulig kor skumle alle skyggar, tre og andre ting er etter at ein har lest side opp og side ned med mord og mysterier. 
Så tenk deg at du har tatt med vin i sekken, kara deg opp dei verste bakkane, måka deg inn på hytta, fyrt opp i peisen, satt deg godt tilrette med eit pledd og muligens strikketøyet  -  opna vinen og yyyyyyyak lukta av muggen potetkjellar treff deg!!!
KRISE KORKSMAK!
Korksmak374.jpg

Joda, vinmonopolet har ein utmerka bytterett-praksis. Er det feil med vinen så kan du levere den attende. og du får ein ny vin eller pengane tilbake.  
Men kva pokker hjelpe det når du er på fjellet, vil ha vin NO og polet er milevis unda og det er dagevis til neste opningstid??
Strikkekjerringar veit alltid råd!
Du heller den dårlege vinen over i ein mugge og tilsett plastfolie- glad, (ca 50 cm, knørv sammen og putt oppi vinen) Så er det berre å røre rundt eit par minutt. Kjellarlukta og den dårlege smaken sett seg då i plasten og voila du har ein drikkbar vin! La det vere sagt at vinen ikkje blir perfekt men den reddar definitvt kvelden foran peisen! Husk berre å ta ut plasten før servering :)
God påske!   



mandag 15. mars 2010

Kva er løysinga på garnfloka?


Har du ein sann nederst i garnkurven?
Då er det berre å finne fram heklenåla og vindunken (vindunkane) og sette i gang med ei lappeteppe, slik som min mormor gjorde. Eg trur dessverre for mormor at vindunkar er av ein nyare dato, men eg er heilt sikker på at mormor hadde eit glass sherry i det minste.
Trikset er altså å angripe floka med list og innhogg i vindunken når floka blir for irriterande. Det funkar i allefall for meg. 
OG

Eit stykke ned i dunken har du ein haug med bestemorlappar og
MASSE lause trådar å feste... men også her funkar vindunken :)


Så er det berre å feste trådar til det kjedsommelege....
og det ferdige resultatet?
Vel, så langt har eg ikkje komen enda...

mandag 3. november 2008

Ramp og piratar


Til verdas herligaste og skjønnaste guttar, Andreas og Kristoffer har eg strikka meir bøllefrøstrikk...
Forhåpentleg sender hønemor bilete av guttane ute på tokt i sine nye vottar....
Er det andre som vil ha.... så kan ein ta kontakt med LURT...

søndag 12. oktober 2008

Bøllefrøstrikk

Hausten er for lengst komen, og eg har erstatta sommar og sol med te og strikking.

Eg er usikker på om det var eit godt val, men så lenge det er teknert og bøllefrøstrikking så er det ganske ok.

Lenge leve strikkekulturen, skål!

mandag 12. mars 2007

Søtt og nusselig?


Arbeidet med strikk og drikk-bloggen, samt jakta på den heilage gral, har ført meg innom mang ein strikkeblogg. Den heilage gral innan strikking er for meg den ultimate kule oppskrift, men den er jeggu ikkje enkel å finne. Strikkeprodukt havnar ofte (og dermed også bloggane) i to kategoriar;

1; svære fluffy produkt frå åttitalet,
eller
2: søtt og nusseleg.

Grøne og lilla kunsttrikkprodukt havnar i kategori ein om det skulle vere noko tvil, og kategori ein droppar eg å kommentere ytterligare ettersom den av natur allereie tek opp for mykje plass.

Men... det var kategori to;kvifor skal strikk vere så søtt og nusselig??
Må det vere pastell fargar til barn? må det vere sau, katt eller hjerter??

Eg har difor satt meg eit mål om å PØNKE strikkinga! Til dette treng eg så klart innspel! kva kan strikkast, kva mønster? Ynskjer?

hmm og biletet? vel det er ein heldig liten pøbel på snart 2 år som skal bli tøffaste gut i barnehagen....

fredag 2. mars 2007

bambus eller stål? kap 1

Hva slags strikkepinner skal jeg velge? Bambus eller rustfritt stål? Dette dilemmaet vil mang en strikker kjenne igjen. Etter 11. september og flylselskapenes strengere restriksjoner trodde mange at svaret ville gi seg selv... Selv ville jeg snarere fryktet en flykaprer, utstyrt med et arsenal stålstrømpepinner nr 3, enn ditto utstyrt med en family-pack shampoo. Men strikkingen vil man jo ikke oppgi - ... lenge var derfor løsningen å demontere strikketøyet før det skulle gjennom sikkerhetssjekken. Pinnene blie lagt parallelt med kuffertens stålkonstruerte trilleanordning, for deretter å remonteres i luften, slik at man var sikret en god progresjon på strikkeriet også under reisen. Stor var derfor min overraskelse når det viste seg at strikkepinner ikke på langt nær anses som den trussel som utgjøres av 3 kilo multer (en venninne måtte avlevere til destruksjon i sikkerhetssjekken ved juletider).
Konklusjon: Flyselskap kan tvinge deg til mye - men når det gjelder valg av strikkepinner, stål eller bambus, må man basere valget på annet rasjonale.

torsdag 1. mars 2007

Grensa mellom confident og too confident

Som Guru for confident knitting har eg kasta med over oppskrifter beregna på gamle damer med årelang kunnskap og erfaring. Det heile har faktisk gått over all forventninga, sett vekk ifrå litt knoting når det gjeld felling ( som sjølvklart ikkje var beskrevet i oppskrifta)

Eg følte heile selbustrikkinga var såpass enkel at eg likså godt kunne sjå ein film medan eg holdt på.

Efaringa tilseie at jo enklare underholding jo lettare er det med strikking. Det viste seg derimot at hollywoodfilmen eg såg under vott nummer 2 krevde litt meir merksemd enn bollywoodfilmen under vott nummer 1.


Dette var noko eg virkeleg ikkje brydde meg om, sidan eg trossalt er ein confident knitter....


vel eg kan vel trygt seie at eg har passert grensa til TOO bloody confident ...


FINN EIN FEIL: