søndag 28. mars 2010

Vintips til påska

Påskestemmninga senkar seg no over landet og kanskje er du er ein av desse 8 prosent nordmenn som faktisk reisar ein plass i påska, mest sannsynleg drar du då til fjells. Personleg meinar eg då ei god gammaldags hytte utan vatn og straum er å foretrekke, men for å vere heilt ærleg så er det nok minst eit ti år sidan sist eg var på familiehytta "Larsebu" på Hardangervidda. 

Men sett at du drar på fjellet, då tar du sjølvsagt med vin til å fordøye påskekrimmen med. Du treng jo gjerne eit glass innabords når du må gå med stearinlys og tusle ut på utedoen. Det er utrulig kor skumle alle skyggar, tre og andre ting er etter at ein har lest side opp og side ned med mord og mysterier. 
Så tenk deg at du har tatt med vin i sekken, kara deg opp dei verste bakkane, måka deg inn på hytta, fyrt opp i peisen, satt deg godt tilrette med eit pledd og muligens strikketøyet  -  opna vinen og yyyyyyyak lukta av muggen potetkjellar treff deg!!!
KRISE KORKSMAK!
Korksmak374.jpg

Joda, vinmonopolet har ein utmerka bytterett-praksis. Er det feil med vinen så kan du levere den attende. og du får ein ny vin eller pengane tilbake.  
Men kva pokker hjelpe det når du er på fjellet, vil ha vin NO og polet er milevis unda og det er dagevis til neste opningstid??
Strikkekjerringar veit alltid råd!
Du heller den dårlege vinen over i ein mugge og tilsett plastfolie- glad, (ca 50 cm, knørv sammen og putt oppi vinen) Så er det berre å røre rundt eit par minutt. Kjellarlukta og den dårlege smaken sett seg då i plasten og voila du har ein drikkbar vin! La det vere sagt at vinen ikkje blir perfekt men den reddar definitvt kvelden foran peisen! Husk berre å ta ut plasten før servering :)
God påske!   



mandag 15. mars 2010

Kva er løysinga på garnfloka?


Har du ein sann nederst i garnkurven?
Då er det berre å finne fram heklenåla og vindunken (vindunkane) og sette i gang med ei lappeteppe, slik som min mormor gjorde. Eg trur dessverre for mormor at vindunkar er av ein nyare dato, men eg er heilt sikker på at mormor hadde eit glass sherry i det minste.
Trikset er altså å angripe floka med list og innhogg i vindunken når floka blir for irriterande. Det funkar i allefall for meg. 
OG

Eit stykke ned i dunken har du ein haug med bestemorlappar og
MASSE lause trådar å feste... men også her funkar vindunken :)


Så er det berre å feste trådar til det kjedsommelege....
og det ferdige resultatet?
Vel, så langt har eg ikkje komen enda...